fredag 15. februar 2013

Kusina mi

No er det min tur. Eg har ikkje noko ide om kva eg kan skrive om men eg kan skrive om kusina mi. Når eg var ni kjem den søtaste ungen eg vete  til verden. Når kusina mi blei født fekk eg ein ganske stekt tilknytning til ho Ho ble ein del av min hverdag. Den lille tida eg fekk til å være med ho så pleidde jeg å leke med ho, gi ho mat og skifte bleie på ho. Eg var med ho hver helg og hver  ferie. Ho fekk  et sterkt bånd med meg og min familie. Som oftast fekk eg høre barn forstår ikkje mye men nei det er feil. Barn forstår mye mer enn det vi tror. Eg var med ho mer enn eit år. I starten var tanta mi redd for å la meg passe på ho, eg var tross alt eit barn på 9 år men etter hvert så lærte eg mer og mer om korleis man skal behandle et ny født barn. Ho er ein roleg person som likar å tegne , hun likar å lese bøker.  Jeg synast ho er nydeleg. Ho fekk ein lillesøster når ho var 4 og som ein 4 åring er det ikkje vanleg å passe på ein som er mindre enn deg men ho passet på sin lillesøster. Det er min kusine.

Leseassistent for Unge Deichmans

 

For å begynne så er eg ein leseassistent for unge Deichmans, ein av to faktisk, som hjelper til. Der kjem eg fleire gonger i veka for å les mange spennandes, triste eller morosamt bøker, som er årets eller fjor årets bøker. Eg  les til og med dei nyaste bøkene, som dokker seinare les etter min og andre lese assistentanes anbefalingar!
Jobben min handlar ikkje bare om å les heile tida, men også seie ifrå eller ”rapportere” kva eg synes om dei og kven dei passar til.  Og når eg rapporter skjer det ofte at eg og lesekontaktane mine, sitje inne i eit rom og kos oss med kaker og te/kakao, mens vi snakkar om vårast meiningar.
Kvart år holdar Deichmans eit litteraturkurs for dei som er bok elskarar eller bok interesserte. Og i år så er det for unge Deichmans, i barne- og ungdoms avdelinga, der tema var ”Fakta og Fiksjon.” Høyrast spennandes ut, ikkje sant?
Men rett til sak! Eg var så heldig at dei hadde spurt meg om eg ville dele mine meiningar på litteraturkurset. Og eg hadde så klart svart ja! Kurset hendte tidelig på morgonen, slik at ein av lesekontaktane mine måtte spørje meg fri frå skulen i dei tre dagane som skulle skje.
Eg må innrømd, det var litt skummelt på begynninga, der eg skulle fortelje kva eg  meinte framfor eit publikum som har meir lese erfaring enn meg! Men alle var kjempe hyggelige og tok meg varmt imot, som gjorde dei to andre gangane enklare og gøy.
Det var forfriska å være vekk frå skulen nokon få dagar, det fekk meg til å lade opp energien min i tilegg til å ha lært og erfart noko nytt. Denne erfaringa vil eg ikkje gløyma!
 P.S Ja, eg er ein av dei i klassen som elskar å les bøker!
- Olivia M.

mandag 11. februar 2013

Eppi



Eg tenkte at eg skulle skrive eit innlegg om hunden min Eppi og litt om hunderasen hennar.

Eppi er no ett år gammal og er av rasen dverg schnauzer.  Ho er ein kvit dvergschnauzer, men det finnast også salt og peppar, sort silver, og sort, som er dei vanligste fargane å sjå. Dei kan bli 30-35cm høye, litt avhengig av kva slags kjønn. Dverschnauzerane egner seg godt som både gårdshund og byhund. Rasen er kjent for å vere ein stor hund i eit lite format, på grunn av dens svære personligheit og pågangsmot. Ein dvergschnauzer er ofte sta og den kan vere vanskeleg å overse, fordi dei er uredd og kan nesten framstå som frekke.  Sjølv om dei er uredde, kan dei vere skeptisk ovenfor fremmede, og dei trives best saman med sin(e) eier(e).  Dvergschnauzeren er også kjent for sine taleevner og er flinke til å lage lyd, dersom dei ønskar det.
Eg synast at rasen er veldig morosam og anbefaler den til alle som ønsker seg ein livlig hund med stor personlighet.  

- Camilla

fredag 8. februar 2013

Transjoik


Eg tenkte å skrive litt om arrangementet vi var på denne torsdagen, torsdag 07.02.2013. Vi var nemleg på rikskonsertene. Dette opplegget besto av songar frå Transjoik og Sher Miandad Khan.

Transjoik song ein særs interessant type musikk, men han var kanskje ikkje heilt smaken min. Det var litt vel høglydt og ein rar kombinasjon mellom joik og elektronisk rock. Det var i kvart fall veldig unikt.

Etter at Transjoik hadde teke eit par songar kom Sher Miandad Khan,
han song musikk som er ganske typisk Pakistan og India. Sjølv var han visstnok veldig kjent i Pakistan, og han song ein sjanger som blir kalla qawwal. Qawwal er visstnok ein type pakistansk folkemusikk.

Transjoik og Sher Miandad Khan kombinerte songane, og det heile vart ein helsprø blanding av joik og pakistansk folkemusikk.

Alt i alt var dette veldig unikt og interessant, sjølv om det kanskje ikkje blir publikum sine nye favorittsjanger.

- Oscar

onsdag 6. februar 2013

Ny melding av Magnhild Bruheim

Tittel: Ny melding
Forfattar: Magnhild bruheim
Forlag: Samlaget
Utgjeve: 2005
Sider: 171
Språk: Nynorsk


Handling:
Ny melding er den fyrste boka i serien om Bente og Kami. Boka er skrive på nynorsk og handlar om 15 år gamle Kami som plutseleg forsvinn. Alt vi veit er at Kami sist vart sett då ho gjekk av bussen saman med ein gut. Ikkje lenge etter at Kami har vore meldt savnet får hennar bestevenninne Bente merklige meldingar frå mobilen til Kami. Dette får Bente til å sjå raudt. Bente stiller fleire kritiske spørsmål til dei rare tekstmeldingane som ho mottek frå bestevenninnen. Er det verkeleg Kami som sender desse meldingane? Eller er det kanskje ein som har fått tak i mobilen til hennar å prøver å utgje seg for å vere Kami? Samtidig får Bente kontakt med ein gut kalt Jytte. Jytte skal vissnok ha kontakt med Kami. Vidare forteljar Jytte at han har sett fleire bilete av Bente og at han gjerne vil møte henne. Kami var i følgje Jytte i Oslo og hadde det veldig bra. Informasjonen som Bente no sit på forteljar ho vidre til sin venninne Martine. Martine skulle til tanten sin i vinterferien og inviterte difor med seg Bente til Oslo, der tanten hennar heldt til. Turen til Oslo gjer at Bente hamner i masse trøbbel og mange farlege situasjonar...

Meininga mi om boka:
Dette er ein av dei bøkane som du berre blir heilt oppslukt av. Etter berre å ha lese nokre få sider av denne boka klarte eg rett og slett ikkje å leggje han frå meg! Sjølve handlinga er utruleg spennande og faktisk ganske realistisk også, noko som gjer det heile enda betre. Etter å ha lese denne boka har eg utruleg lyst til å lese resten av bøkane i serien og det er enda eit godt teikn på der mykje eg likte ved denne boka. Er du interessert i spennede/krim bøkar så trur eg definitivt at dette er ei bok for deg! Samtidig som at han er spennande så får han deg til å tenkte litt. Boka får deg til å reflektere over mange vanlege problem som livet har å by på. Alt i alt er det ein utruleg spennande bok som eg tilrår alle ungdom å lese.


Har du ei bok du vil tilrå?

- Ramyaa

Hei folkens!


                                                             
 

Eg har lyst til å snakke litt om Manchester United og den engelske serien :-)

Etter at Manchester City gjekk på ein uavgjord heime mot Liverpool i forrige serierunde og United vann 1-0 borte mot Fulham, auka United serieleiinga ytterlegare og ledar no den engelske serien med 9 poeng.  

Viss United sluttar serien på same måte som dei har gjort så langt er det mykje som tyder på at dei kan hente heim serietittelen igjen, etter at byrival City tok trofeet heim på overtid forrige sesong. 

Eg personleg følar United har det som skal til for å klare å halde på leiinga - Målfarlege spissar, god midtbane og eit godt forsvar og ein keeper som gjer mange viktige redninger. Det er ikkje utruleg mange kampar igjen av sesongen så det er vel berre og fortsetje å vinne :)

-Joakim                                                             


søndag 3. februar 2013

Hei folkens!



Eg tenkte eg kunne snakke litt om ballet og helga mi!
Vi hadde eit fantastisk ball torsdag 31. Januar. For meg så var det mitt fyrste ballet mitt, og for å vere heilt ærleg hadde eg eigenleg ikkje nokre høge forventingar. Da eg kom inn blei eg nesten mållaus over å ha sett kor flott ballkomiteen fekk det til. Alle jentene i klassen vår hadde vore penare enn nokon gong. Gutane hadde verkeleg pynta seg, og fekk skaffa dress! Vi hadde eit bra program og mykje dansing. For fyrste gongen eg fekk sett nokre ta heilt av på dansegolvet. Eg gjekk glipp av kåringa, men fekk høyre at nokre frå klassa vann. Eg gratulerer dokker som vann! Håpar alle koste seg like mykje som meg. Korleis synest dokker ballet gjekk?

Eg har ikkje mykje å fortelje om helgen min. På laurdagen hadde eg tamilsk skule, og det var ikkje heilt gøy (eller det har aldri vore gøy). Eg brukte resten av helgen til å øve til tyskpresentasjonen, og  matteprøven. Ønskjer alle lukke til på matteprøven! Håpar dokker kan fortelje meg korleis matteprøven gjekk!

- Vishni <3