onsdag 6. februar 2013

Ny melding av Magnhild Bruheim

Tittel: Ny melding
Forfattar: Magnhild bruheim
Forlag: Samlaget
Utgjeve: 2005
Sider: 171
Språk: Nynorsk


Handling:
Ny melding er den fyrste boka i serien om Bente og Kami. Boka er skrive på nynorsk og handlar om 15 år gamle Kami som plutseleg forsvinn. Alt vi veit er at Kami sist vart sett då ho gjekk av bussen saman med ein gut. Ikkje lenge etter at Kami har vore meldt savnet får hennar bestevenninne Bente merklige meldingar frå mobilen til Kami. Dette får Bente til å sjå raudt. Bente stiller fleire kritiske spørsmål til dei rare tekstmeldingane som ho mottek frå bestevenninnen. Er det verkeleg Kami som sender desse meldingane? Eller er det kanskje ein som har fått tak i mobilen til hennar å prøver å utgje seg for å vere Kami? Samtidig får Bente kontakt med ein gut kalt Jytte. Jytte skal vissnok ha kontakt med Kami. Vidare forteljar Jytte at han har sett fleire bilete av Bente og at han gjerne vil møte henne. Kami var i følgje Jytte i Oslo og hadde det veldig bra. Informasjonen som Bente no sit på forteljar ho vidre til sin venninne Martine. Martine skulle til tanten sin i vinterferien og inviterte difor med seg Bente til Oslo, der tanten hennar heldt til. Turen til Oslo gjer at Bente hamner i masse trøbbel og mange farlege situasjonar...

Meininga mi om boka:
Dette er ein av dei bøkane som du berre blir heilt oppslukt av. Etter berre å ha lese nokre få sider av denne boka klarte eg rett og slett ikkje å leggje han frå meg! Sjølve handlinga er utruleg spennande og faktisk ganske realistisk også, noko som gjer det heile enda betre. Etter å ha lese denne boka har eg utruleg lyst til å lese resten av bøkane i serien og det er enda eit godt teikn på der mykje eg likte ved denne boka. Er du interessert i spennede/krim bøkar så trur eg definitivt at dette er ei bok for deg! Samtidig som at han er spennande så får han deg til å tenkte litt. Boka får deg til å reflektere over mange vanlege problem som livet har å by på. Alt i alt er det ein utruleg spennande bok som eg tilrår alle ungdom å lese.


Har du ei bok du vil tilrå?

- Ramyaa

5 kommentarer:

  1. Boka virkar veldig spennede. Takk for tipset! <3 <3 <3 Har ikkje lese ei bok på lengje, så har ingen anbefalinger <3 <3

    SvarSlett
  2. virkar spennande! bra skrivi Ramyaa :)

    SvarSlett
  3. Hehe, er glad for at vi har ein lesar i klassen vår ;)

    SvarSlett
  4. Kjempefin anmeldelse, Ramyaa! Eg fekk lyst til å les den :)

    SvarSlett