Tysdag 5.mars vart kampen mellom dei største klubbane i verda spila, Manchester United mot Real Madrid. Det vart ein uforglemmelig kamp, ein kamp verda vil huske i lang, lang tid.
United tok leiinga i 2.omgang og hadde stort sett kontroll heilt til dommaren gjorde ein stygg feil. Nani (United spelar) tok beinet høgt opp i forsøk på å dempe ballen, men så kom ein Madrid spelar bakfrå på ballen først og Nani traff han med foten. Den tyrkiske kamplederen valde å ta fram det raude kortet og sende Nani i dusjen, til Old Traffords store frustrasjonen. Manageren, spelarane og ikkje minst fansen vart sjokkerte. Ingen, unntatt dommarane, synst at det var noko stygg takling. Men dømd var dømt og Real Madrid utnytta sjansen til å spele med èn menn meir og scora to gonger i løpet av fem minutt. Det var nok til å sende United ut av Champion sin League.
Madrid fansen har sikkert gløymt dette og gått vidare med livet, medan vi United fans kjem til å huske denne dagen. Ikkje minst dommaren.
- Sem
Kanskje det ikkje var eit raudt kort men eg er glad Manchester United røyk ut.
SvarSlettFint skrivi! Høyrtas ut som ein uforglemmeleg kamp som du skrev.
SvarSlettdette høres ekstremt frustrerende ut for de som heia på Manchester United
SvarSlett