Dette blogposten vil handle
om min søtaste Koskos. Han er ein 6 månader gammal katt. Han er veldig søt, og ikkje
minst, heilt gal!
Da eg først fikk han var han
berre ti ukar gammal. Eg så med ein gong at dette var ein vilter katt. Eg
hugsar vi hadde mykje trøbbel med å namngi han. Vi visste ikkje kva vi skulle
kalle han. Han har hatt ein god del namn, som Whisky, Whiskas, Whiskers og Mitos.
Til slutt fant vi Koskos. Det syntes vi passa til han. Han er kosete og litt
kokos i hovudet.
Koskos er eigentleg ganske så
smart. Frå tidleg av lærte han seg å opne dørar og finne ut kva som fekk
merksemda på han. Eg kan også
seie at han ikkje var så smart i sine yngre dagar som det han er nå. Slik som
mange kattar hadde han eit uendeleg mengd kamper med sitt eiget spegelbiletet.
Han stod å tøffa seg opp lenge heilt til han skøyt av mot spegelen, og løp fort
som vinden da han merka at spegelbiletet hans ikkje flytta seg. Nokon gangar da
han løp forbi eit spegel, måtte han stoppe fordi han trudde han så ein annan
katt. I seinare tid har Koskos slutta med dette.
Nå har eg klart å fange
karakteren han sin litt betre. Han er blitt veldig kjærleg, men ikkje viss han
er trøtt. Han er veldig gretten då. Han er ogso ein veldig sosial katt, han vil
alltid vere der folk er, og han skal alltid bli med. Det er ein av de tingande
eg likar mest med han.
Koskos er også veldig lur,
han skjønner kva han ikkje får lov til, som å gå på bordet, men han prøver seg
fortsatt. Nokon gangar hopper han opp på bordet når vi sitter der, og legger
seg berre rett ned og malar og gjer seg fin før vi legg merke til at han har
gjort noko han ikkje har lov til. Eg syntes det er like sjarmerande kvar gong
Koskos gjør det. Ein annan ting som er typisk Koskos er at han elskar sugerør!
Han klarer ikkje å sjå på eit utan at han må ha det. Vanlegvis når han får eit
sugerør går han berre rundt med det, så det skraper i golvet. Som om han
tenkjer: ”Se kva eg fikk, den er min.” Det syntes eg er litt rart.
Det var litt om min katt, Koskos.
Har dokkar eit dyr? Kva er
favoritt-historia di?
Dette var ein veldig fin skildring av Koskos. Han verkar veldig smart og søt :D
SvarSlett