lørdag 23. mars 2013

Min søtaste Koskos



Dette blogposten vil handle om min søtaste Koskos. Han er ein 6 månader gammal katt. Han er veldig søt, og ikkje minst, heilt gal!

Da eg først fikk han var han berre ti ukar gammal. Eg så med ein gong at dette var ein vilter katt. Eg hugsar vi hadde mykje trøbbel med å namngi han. Vi visste ikkje kva vi skulle kalle han. Han har hatt ein god del namn, som Whisky, Whiskas, Whiskers og Mitos. Til slutt fant vi Koskos. Det syntes vi passa til han. Han er kosete og litt kokos i hovudet.

Koskos er eigentleg ganske så smart. Frå tidleg av lærte han seg å opne dørar og finne ut kva som fekk merksemda på han. Eg kan også seie at han ikkje var så smart i sine yngre dagar som det han er nå. Slik som mange kattar hadde han eit uendeleg mengd kamper med sitt eiget spegelbiletet. Han stod å tøffa seg opp lenge heilt til han skøyt av mot spegelen, og løp fort som vinden da han merka at spegelbiletet hans ikkje flytta seg. Nokon gangar da han løp forbi eit spegel, måtte han stoppe fordi han trudde han så ein annan katt. I seinare tid har Koskos slutta med dette.

Nå har eg klart å fange karakteren han sin litt betre. Han er blitt veldig kjærleg, men ikkje viss han er trøtt. Han er veldig gretten då. Han er ogso ein veldig sosial katt, han vil alltid vere der folk er, og han skal alltid bli med. Det er ein av de tingande eg likar mest med han.

Koskos er også veldig lur, han skjønner kva han ikkje får lov til, som å gå på bordet, men han prøver seg fortsatt. Nokon gangar hopper han opp på bordet når vi sitter der, og legger seg berre rett ned og malar og gjer seg fin før vi legg merke til at han har gjort noko han ikkje har lov til. Eg syntes det er like sjarmerande kvar gong Koskos gjør det. Ein annan ting som er typisk Koskos er at han elskar sugerør! Han klarer ikkje å sjå på eit utan at han må ha det. Vanlegvis når han får eit sugerør går han berre rundt med det, så det skraper i golvet. Som om han tenkjer: ”Se kva eg fikk, den er min.” Det syntes eg er litt rart.

Det var litt om min katt, Koskos.

Har dokkar eit dyr? Kva er favoritt-historia di?





1 kommentar:

  1. Dette var ein veldig fin skildring av Koskos. Han verkar veldig smart og søt :D

    SvarSlett